Turistsesongen ikkje over

God sesong for reiselivet på Stranda

Geiranger: Like nedanfor Ørnesvingen rasa deler av vegen ut for eitt år sidan. I august startar arbeidet med å ordne vegen. Det skal setjast opp ein ny mur i naturstein. Før dette kan gjerast må det sprengast slik at meir av vegen kan flyttast inn på fast fjell. Når det er sprengt ut skal heile vegbana byggast opp igjen med forsterkingar og med dekke i ei lengde på om lag 110 meter. Det kjem også nytt rekkverk. arkivfoto: svein lunde  Foto: Svein Lunde

Nyhende

Det har vore skiftande vêr heile sommaren med både periodar med fint og dårlegare vêr. I heile Stranda kommune er turistar eit daglegdags innslag og spesielt ser ein turistane i sommarmånadane.

Turistane kan velje mellom ulike overnattingar, frå hotell til campingplass og hytter. Inntrykket er at det generelt har gått bra hos dei ulike aktørane i kommunen.

Turistar vil oppleve utsikta

På Stranda har både hotellet og gondolen hatt ein godt besøkt sommar.

– Vi ser at turistane vel å bu her fleire dagar etter kvarandre, seier Fredrik Habostad på Stranda Hotell.

Gondolen på Strandafjellet er besøkt av cruiseturistar både frå Ålesund og Hellesylt, men også av busslaster som berre vil opp for å nyte utsikta.

Stor auke

Hjå Stranda Booking kan turistane få skreddarsydd opphaldet sitt både når det gjeld overnatting og aktivitetar dei ønsker å oppleve i løpet av dagane dei er her.

– Vi set saman pakkar for turistane der vi mellom anna kan sy saman gondoltur, padling i kajakk, eller ein tur i ribbåt, seier Helge Ibrahim i Stranda Booking. Vi har hatt ei omsetningsauke på 25 %, noko vi sjølvsagt seier oss svært godt nøgde med.

Ulike turistgrupper

Også i Geiranger skiftar grupperinga av turistar gjennom sesongen.

– I fellesferien er det stor vekt av nordmenn, men vi har framleis bra trykk. Etter fellesferien er det turistar frå Syd Europa som er den dominerande gruppa turistar, seier Stephanie Skinner hos Grande Hytteutleige og Camping. For vår del var juni litt laber men både juli og no utover i august har trafikken vore bra.

Ulik komfort

Hellesylt feriehytter leiger ut hytter i ulik storleik og med ulik grad av komfort for turisten. Hytta dei leiger ut i Sunnylvsmoldskreddalen har vore under oppussing i sommar. Den blir framleis utan innlagd straum og vatn. Her må gjestane sjølve hente vatn i elva. Dette er ei svært enkel hytte som passar dei som vil ha absolutt stillheit og vil vere utan mobildekning.

– Det har vore ein veldig bra sesong for oss med bra utleige av alle hyttene, seier Åse Stadheim i Hellesylt feriehytter. Mange av gjestane våre er frå Belgia og er på ferie i Noreg på eit ferdig planlagt opplegg. Hos oss bur dei ofte ei halv veke eller ei heil veke. Vi har fleire turistar som kjem attende og bur hos oss, og det må vi jo ta som eit godt teikn.

Ferjetrafikken

Ferjesambandet Stranda-Liabygda hadde auke både i talet på køyretøy og personar i juni. I juli var det nedgang i talet på køyretøy, men auke i talet på passasjerar som reiste på ferjesambandet.

Ferjesambandet Eidsdal-Linge hadde auke i køyretøy men nedgang i talet på passasjerar i juni. Tala frå juli viser nedgang både på talet passasjerar og køyretøy som nytta ferjesambandet.

Mellom Hellesylt og Geiranger var det frå 1. april og til utgangen av juli 135 098 passasjerar som reiste med Veøy eller Bolsøy. I same tidsrommet var det frakta 16 112 køyretøy. Det gir ei auke i passasjertrafikken på 3 % og ei auke på 5 % av køyretøy samanlikna med same periode i 2018.