Planlagd arbeid tek delvis ned mobilnettet

  Foto: Illustrasjon: Ekom

Nyhende

Telenor skal oppgradere linjene, og samband med dette vil Geiranger, Norddal og Tafjord vere delvis utan mobildekning natt til tysdag 3.september.

Dette melder Stranda kommune på si heimeside.

Mobilnettet vil vere nede i området i tidsrommet frå midnatt til klokka seks om morgonen laurdag.

Fasttelefon blir ikkje råka av oppgraderinga, og ein prioriterer arbeidet slik at mobildekning blir prioritert.

I kartet som følger denne saka, syner lilla skravert område kva område som har dekning under arbeida.