Redusert fart ved Dregebrua

  Foto: Politiet

Nyhende

Laurdag klokka 12.32 fekk politiet melding om ei ulykke ved Dregebrua på Stranda.

Bilen hadde køyrt i retning Stranda. Sjåføren fekk eitt hjul utanfor asfaltkanten og mista kontrollen på køyretøyet som stoppa i autovernet. Sjåføren kom frå det med sjokket og er ikkje mistenkt for rus eller promille.

Fartsgrensa var sett ned til 50 km/t til onsdag ettermiddag, då nytt autovern var på plass.

Dermed gjeld generell fartsgrense som tidlegare på staden - 80 km/t.