Ålesund pride denne veka

Regnbogeflagget er heist

Plan- og utviklingssjef Einar Lied heiste regnbogeflagget utanfor Skinkerådhuset torsdag morgon, etter spesialleveranse frå Fjørstad ved Renate Furre Henriksen-Sandvær, Sunnmøringen sin redaktør.  

Nyhende

Kommunestyret i Stranda gjorde tidlegare i år vedtak om at kommunen skulle flagge under Ålesund Pride, som går føre seg denne veka.

Sykkylven kommune heiste regnbogeflagget tysdag denne veka, men i Stranda har flaggstanga stått tom fram til no.

Elisabeth Opsvik (H) spurde i kommunestyret onsdag ettermiddag rådmannen om kvifor det ikkje var flagga, og om flagget kom opp før helga.

- Det skuldast ei forgløyming. Vi har fått skaffa eit flagg og det vil bli heist torsdag morgon, sa ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) på vegner av rådmannen.

Flagget frå Fjørstad

Regnbogeflagget som no heng oppe på Skinkerådhuset, kjem spesiallevert frå Fjørstad. Eigar er Renate Furre Henriksen-Sandvær, redaktør i Sunnmøringen.

- Det er ikkje ofte eg får høve til å effektuere eit kommunestyrevedtak - men i dette tilfellet syns eg det var på sin plass, seier ein nøgd redaktør.

Flagget har vore heist på Røbben sidan 27. juni, årsdagen for Stonewall-opprøret.

- At våre naboar i dalen fekk seg litt gratis underhaldning då vi låra flagget heime, det tek eg på bonuskvota, skrattar ho.

Onsdag ettermiddag kom meldinga om at dei to regnbogeflagga Sykkylven har heist, er sporlaust vekke. Forhaldet er meldt til politiet.