Like før Strandadagane set i gang

- Kom og ha det kjekt i sentrum

Alexander Rybak tek med seg TrondheimSolistane til storkonsert i kulturhuset laurdag, i samband med 20 års-markeringa til kulturhuset.  Foto: Wikipedia

Hege Marlen Kleppe i Stranda sentrumsforeining og Aud Tomasgard Berstad i Stranda Frivilligsentral gler seg til aktivitetsfulle dagar i helga.  Foto: Privat

Nyhende

Strandadagane gjer slik Hellesyltdagane gjer - tjuvstartar.

Den "offisielle" opninga er ikkje før i morgon laurdag.

Men: Både store og små strandarar har noko å gle seg til fredag ettermiddag. Då er det diskotek på Helstad for barneskulen (frå tredje klasse red. anm.)  - og sjølvsagt: Strandaquiz.

Quizmeister i år blir ikkje Leidulf Årvik, men Herman Pedersen Lersveen . Det er mellom linjene lova nokre nye drops i så måte for dei som ønsker å stikke av med quizsigeren.

Offisiell opning

Laurdag brakar det i gong, med bugnande salsboder og gode tilbod i butikkane. Programmet frå utescena startar klokka tolv.

For friskusane blant oss, blir det òg morgontrening på Fløten - det er meldt regn, men her på Nordvestlandet kan vi kle oss - så ei god treningsøkt bør det bli okke som.

Opninga blir føretatt av ordførar Jan Ove Tryggestad, ved utescena.

Krysset mellom Øyna og Storgata blir stengt laurdag og søndag mellom 9.00 og 16.00, Men det vil bli moglegheit for utkøyring ved parkeringsplassen til Stranda Hotell desse dagane. Dette blir gjort av sikkerheitsmessige årsaker.

Nyvinning - og gamle takter

Dei fleste strandarar vil vanlegvis knytte spekemat til skive, rjomegraut og flatbrød - men i år, då må du faktisk hente fram kastearma di.

- Vi arrangerer Skinkeblinken, utvikla i samarbeid med Spekematen. Det er tre blinkar på bakken, og du må hive ein Strandaskinke-pakke mot blinken frå avstand. Den som er nærast hjørnet til blink vinn, seier Line Løseth som er frivillig i Strandadagane.

Premiane er av det gilde (!) slaget - 3.000 blanke kroner er førstepremien.

- Vi børstar òg støvet av Grandiosaflaksen, der vi samlar tomme pizzaesker i ein stor sekk med nummer ettersom folk kjøper lodd. Dei blir så heist høgt over bakken i ei heisekran, før eskane blir droppa mot ein blink. Den som kjem nærast til blinken stikk av med eit gåvekort til ein valfri Strandabutikk på heile 10.000 kroner. Så kjøp lodd, oppmodar Løseth.

Vinnarane, dei blir kåra på søndag - i førekant av valdebatten, som går føre seg på scena.

FjordCadenza kjem attende til Stranda i morgon laurdag, med storstilt konsert i kulturhuset.

- Vi får besøk av TrondheimSolistane og Alexander Rybak. Det blir ei storhending i samband med at vi feirar 20 år som kulturhus. Det er rift om billettane, så du bør sikre deg dei no, er oppmodinga frå kulturhussjef Sigurd Drege.

Treng frivillige

Sentrumsforeininga består av ei lita gruppe dedikerte strandarar, som har god plass til fleire.

- Vi treng fleire hender under arrangement som Strandadagane. Vi ber om dugnadsand og hjelp av resten av innbyggjarane på laurdag og søndag, skriv sentrumsforeininga på Facebook.

Sentrumsforeininga tek òg imot fleire medlemmar.

Barkar saman

I år er det fylkes- og kommuneval, og dermed òg sjølvsagt paneldebatt. Seks parti stiller i år liste i Stranda kommune, og samtlege seks blir å finne på utescena søndag.

- Programleiar er Harry Malmo, og vi har fått Vegard Riksheim Tandstad og Britt Ingunn Maurstad som ordstyrarar. Tandstad er lærar på Stranda vidaregåande skule og svært engasjert i skulevalet, Maurstad er redaktør i Storfjordnytt over fjorden, seier Løseth.

- Mitt mål med debatten er at vi alle skal bli litt klokare når vi går derfrå enn vi var då vi kom, seier ordstyrar Maurstad i ei pressemelding.

På facebooksida til arrangementet har det kome mykje respons på ulike tema velgarane er opptekne av.

- Skulebuss til Kjølås, sjukeheimsplassar og ungdomsklubb er nokre av sakene som engasjerer - og som vil bli tatt opp undervegs i debatten, seier Løseth.

- Det blir nokre kjekke dagar. Ver med og støtt opp om Stranda tettstad og få med deg eit tettpakka program, er oppmodinga frå Stranda sentrumsforeining og Strandadagane.