Vogntog på låste hjul

Streketunnelen opna etter bilberging

Eit vogntog fekk søndag ettermiddag problemer da hengaren fekk låste hjul inne i Streketunnelen, som vart stengd i samband med bilberging. Vegen vart opna kvart over sju søndag kveld.  Foto: Heidi-Beate Henningsen

Nyhende

Eit vogntog kjørte på låste hjul på hengaren inne i Strektetunnelen søndag ettermiddag, like etter klokka halv sju.

Tunellen på FV60 ved Hellesylt er mellombels stengd i samband med bilberging.

Sunnmøringen sin journalist som er på staden fortel om at røyk har kome ut av tunnelen - dette skal vere grunna varmgang i dekk, ikkje brann.

Naudetatane kom til staden rett før klokka sju.

Klokka kvart over sju søndag kveld vart tunnelen igjen opna, i følge vår journalist på staden.