Folkemøte i Liabygda der barn og ungdom er spesielt inviterte

- Ver med å påverk framtida

  Foto: Anniken Westad

Stranda Kommune inviterer til folkemøte

Nyhende

Stranda kommune ynskjer å legge vekt på trygge fritidsaktivitetar for barn og unge i kommunen.

Tidlegare i år hadde Stranda kommune folkemøte både i Stranda tettstad og i Sunnylven om arealplanen, for å gje barn og ungdom moglegheit for å medverke i prosessen.

Dette vil dei no og gjere i Liabygda. I morgon tysdag inviterer Stranda Kommune i samarbeid med samfunnsplanleggar Marit Larssen i Ose AS til tilsvarande møte i Liabygda.

Uorganiserte aktivitetar

Fokuset er møteplassar, fritid og fritidsaktivitetar og trygge tilkomstar.

Det handlar om friplassane til barn og unge, der dei gjerne ynskjer å vere utan at det skal vere organisert aktivitetar. Det finst òg mange gode organiserte aktivitetar i Liabygda, men hovudfokuset denne gangen blir på det som er uorganisert. Dette har blitt enda viktigare no, då skulen er flytta.

–Det er viktig å gi barn og unge ei kjensle av å høyre til i bygda si, seier Marit Larssen.

Høre deira meining

- Vi ynskjer å prate med barna om kor dei ynskjer å vere samt kvar dei brukar å gå til og frå aktivitetane sine. Og kva aktivitetar dei ser føre seg. Anten det er ein plass å berre vere å møtast eller ein leikeplass, seier ho.

Det vil bli lagt stor vekt på gangvegar og stiar så barn og ungar kan ferdast trygt.

– I denne samanheng vil vi gje barn og unge mogligheiten til å vere med og bestemme, seier Larssen.

Trafikkforståing blant barn og unge er viktig å vere merksam på.

–Vi ynskjer at alle skal ferdast trygt. Da tenker vi og på at foreldra skal føle seg trygge med å sende barna sine ut langs vegen, fortsetter Larssen.