Stranda A-lag herrar

Nytt tap for Stranda

Kasper Koppang set ballen sikkert i mål til 2-0 leiing for Stranda. Nok eingong synte Koppang kraftfullt angrepsspel.  Foto: Arild Ringdal

Nyhende

Stranda tapte 1-2 for Volda2 torsdagskvelden, og er no tredje sist på tabellen.

Komande torsdag møter Stranda Herd2 på Mona. Ein ny viktig kamp for Stranda.

Tre poeng skil fem lag under midten av tabellen. Med siger over Herd2 kan Stranda klartre mange plassar og skaffe seg viktige poeng mot ein rival som slit rett over nedrykkssona. Stranda har ikkje tatt poeng i 5.divisjon sidan bortetriumfen mot Hasundgot 27.juni.

Anders Lie Kirkhorn scora målet for Stranda mot Volda2. Han utlikna til 1-1 rett før pause.

Eirik Innselset Bjørdal og Mohammad Khalil Abouzari(straffe) scora for Volda2.