Kommunevalet er i dag

Jamn pågang av velgarar

Dei fleste vallokala i Stranda kommune opna klokka 09.00

Rita Svorkås(t.v.) legg si stemme i stemmeurna. Rådmann Åse Elin Hole ser til at alt går rett for seg.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

I dag er det val av nytt kommunestyre i Stranda, nye representantar til fylkestinget og kyrkjeval. Det er fire valkrinsar i kommunen. Ringstad, Hellesylt og Maråk valkrinsar opna klokka 09.00 medan Liabygda opna klokka 12.00.

Ved stemmeurna i Ringstad valkrins står rådmann Åse Elin Hole og melder om jamn pågang til vallokala opna. Til og med fredag 6. september var det førehandsrøysting og også talet på førehandsrøyster har vore bra.

Geiranger skule som er røystestad for Maråk valkrins stenger klokka 16.00. Sunnylven samfunnshus som er røystestad for Hellesylt stenger klokka 18.00. Det same gjer ungdomshuset i Liabygda. Storfjord kulturhus som er røystestad for Ringstad valkrins stenger klokka 20.00.