Kommunevalet 2019

Senterpartiet størst på Stranda

Jan Ove Tryggestad, listetopp for Stranda senterparti. Arkivfoto  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Resultata:

Senterpartiet 46, 6 prosent - 1.035 røyster.

Framstegspartiet 21, 3 prosent - 472 røyster

Høgre 11, 2 prosent - 242 røyster

Arbeidarpartiet 10, 2 prosent - 226 røyster

Kristeleg folkeparti 5, 9 prosent - 131 røyster

Miljøpartiet Dei Grøne 4, 9 prosent - 108 røyster.

I kommune- og fylkestingsvalet 2019 har 3.636 personar i Stranda kommune røysterett, 673 førehandsrøysta. Frammøteprosenten var 63 prosent i årets val.

14 røyster var blanke i årets val.

Mandatfordelinga:

Senterpartiet 12 representantar - fram ein mandat frå inneverande periode.

Framstegspartiet fem representantar - uendra frå inneverande periode.

Høgre tre representantar - uendra frå inneverande periode.

Arbeidarpartiet tre representantar - uendra frå inneverande periode.

Kristeleg Folkeparti ein representant - eitt mandat mindre frå inneverande periode.

Miljøpartiet ein representant - stiller liste for første gong i årets val.

Venstre stilte ikkje liste til kommunevalet i Stranda kommune i år.

Vi tek forbehold om at fintellinga framleis går føre seg - slik det ser ut no, ligg Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti og vippar mellom mandat. SP er nærmast til å tape eitt mandat, medan KrF er nærmast å vinne eit mandat.