Sjå valresultatet for Stranda

Nyhende

Sunnmøringen samarbeider i kommune- og fylkestingsvalet med NTB for å gi deg løpande oppdatering på valresultatet på Stranda.

Valresultata blir oppdaterte i sanntid etterkvart som dei kjem inn.

Seks parti stiller liste til kommunevalet i Stranda kommune i 2019.

Dei seks partia er:

Arbeidarpartiet - listetopp Knut Dag Langeland

Framstegspartiet - listetopp Frank Sve

Høgre - listetopp Svein Erik Rimstad

Kristeleg Folkeparti - listetopp Svein Lunde

Miljøpartiet Dei Grøne - listetopp Jan Håkon Vikane

Senterpartiet - listetopp Jan Ove Tryggestad

Det er 25 plassar i Stranda kommunestyre, og dei nyvalde kommunestyrerepresentantane skal samlast for første gong i kommunestyremøtet 2. oktober.

Til kommune- og fylkestingsvalet i Stranda kommune 2019 er det 3.636 personar med røysterett.