Trippel for Martine

Martine Sve NM 2019  Foto: Frank Sve

Nyhende

Martine Sve (16) kan no kalle seg noregsmeister i internasjonal rifleskyting 50 meter.

Dette vart klart på stemnet på Elverum sist laurdag, der det offisielle noregsmeisterskapet i skyting gjekk føre seg.

Sve vart vinnar på halvmatch 50 meter for U16 med 571 poeng, som var 13 poeng før andreplass.

Sve skaut 195 poeng på 20 skot kne, 195 poeng 20 skot liggjande og 181 poeng på 20 skot ståande - noko som er regjerande rekord i Noreg.

Ho sytte òg for å få med seg ytterlegare to noregsmeister-titlar med å vere på lagskyting for Kisen minatyrskyttarlag på øvinga 40 skot liggjande og halvmatch 3 ganger 20 skot.