Mykje regn og vind i helga

Skalk lukene - og sikre lausgods

Det er varsla sterk vind i fylket, spesielt laurdag. Det vert oppmoda om at ein sikrar lause gjenstander rundt huset.  Foto: Illustrasjonsfoto: Tryg Forsikring.

Nyhende

Det er sendt ut oransje farevarsel på varsom.no om flaumfare og jordskredfare i delar av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i helga.

Grunnen er at det er venta mykje regn laurdag og søndag.

- Nedbøren er venta å kome som regn under rundt 2000 meter over havet natt til søndag, snøgrensa er venta å synke iløpet av søndagen. Ein ventar mest regn på midtre og indre strøk, skriv NVE i farevarslet.

Rådet frå varsom.no er følgande:

- Sikre og flytt verdiar vekk frå utsette område (til dømes kjellarar og bilar). Rens stikkrenner, kummar og andre vannvegar for jord, kvist og løv, så vatnet kan renne uhindra der det vanlegvis renn, skriv dei.

Samtidig er det venta sterke vindkast, tilsvarande gult nivå:

- Frå laurdag kveld til søndag føremiddag er det venta vindkast frå ein sørvestleg retning på 25 til 32 meter per sekund (full til sterk storm journ. anm). Kyststroka er mest utsett for den sterkaste vinden. Søndag ettermiddag er vinden venta å dreie vest-nordvest, skriv varsom.no.