FV63 Geiranger - Langvatn

Vegen er vinterstengd

  Foto: Bjarne Bekkeheien Aase (Arkiv)

Nyhende

Statens Vegvesen melder om at FV63 mellom Geiranger og Langevatnet no er vinterstengd, melder Vegtrafikksentralen.

Meldinga vart sendt ut av Vegtrafikksentralen på Twitter klokka 1436 fredag ettermiddag.

Vegen har vore stengd i to veker grunna dårlege køyreforhold, men no er altså vegen stengd fram til Stavbrekkfonna går på vårparten.

FV63 Trollstigen stengde for vinteren førre veke.