Åknes/Tafjord-overvåkinga

- Normal aktivitet i fjellet

Åkernesrevna: Åkerneset med Hellesylt bak til høyre. Oaldsbygda rett over fjorden. Stigen som går over revna. Arkivfoto: Staale Wattø 

Nyhende

Åknes/Tafjord beredskapssenter sine instrument i fjellsida på Åkernes viser normal aktivitet for årstida.

Trass i 89 mm nedbør siste veke har vassnivået vore ganske stabilt og ligg no på ca. 45 m djup i midtre borehol.

Dei 4 sensorane som blir rapportert i NVE sine vekerapportar viser alle 1 mm bevegelse siste veka og 3 mm bevegelse siste månaden.

– Vi ser ingen unormale bevegelsar i fjellet, seier Lars Harald Blikra, seksjonssjef i NVE.

Sesongendringar

Nedbør over lengre tid påverkar meir Åkerneset enn mykje nedbør over kort tid. I tillegg er dei indre kreftene i fjellet ein faktor som påverkar fjellmassiva. Bevegelsar i fjellet gjer at sprekker inne i fjellet kan endre seg. Dei kan enten opne seg eller lukke seg og det fører igjen til at vassnivået i sprekkene aukar eller minkar.

– Det ein ser på Åkerneset er meir sesongendringar i bevegelsane. Ein har og dei siste åra sett ein auka aktivitet mot slutten av året, forklarer Blikra.

Enklare geologi

Fjellsida Åkerneset har ein enklare geologisk oppbygging om ein samanliknar med Veslemannen. Her har ein svake lag som skrånar nedover fjellsidene, i tillegg til at ein manglar den stabiliserande faktoren slik Spiret var for Veslemannen. Det gjer at det er enklare å forstå rørslene i fjellet.

Stabil overvaking

Overvakinga av fjellpartiet på Åkerneset er stabil og alle sensorane er i drift. Fjellpartiet Veslemannen i Romsdalen er også overvaka frå Åknes/Tafjord beredskapsbase på Stranda. I tida fram mot skredet var ein vitne til eskalerande rørsle fram til skredet vart utløyst.

– Den viktigaste overføringsfaktoren frå Veslemannen er at heile apparatet med overvaking og varsling fungerer slik den skal, seier Blikra

Dersom farenivået blir heva blir det nytta befolkningsvarsel gjennom UMS. Informasjon blir då sendt som SMS eller talemelding til alle telefonar i som oppheld seg i faresona, også utanlandske. Telefonar knytt til adresser i faresona blir også varsla. Det blir også nytta sireneanlegg.

Oppdatert informasjon

På varsom.no får ein oppdatert informasjon om dagens farenivå i tillegg til vekerapportar om rørslene i fjella som er overvaka av ÅTB.