FV60 Velledalen

Bil køyrt av vegen

Nyhende

Politiet i Møre og Romsdal melder på Twitter klokka 1434 torsdag ettermiddag at det har vore ei trafikkulukke på FV60.

- Ein personbil skal ha køyrt av vegen. Ein person er i bilen, vedkommande er tilsynelatande ikkje alvorleg skadd, skriv politiet.

Vegen er no opna igjen for allmenn ferdsel. Bilen står på utsida av vegen og vil bli fjerna seinare, opplyser politiet.