Ny ordning for alle vidaregåande-elevar i fylket

No kan du melde om mobbing direkte

Illustrasjonsfoto  Foto: Colourbox

Nyhende

I dag vert ei ny ordning for alle elevar i vidaregåande skule i fylket lansert: Mobbeknappen.

Den ligg godt synleg på elevportalen til alle vidaregåande skuler i Møre og Romsdal. No kan du melde ifrå om du sjølv eller andre elevar ikkje har det bra på skulen, skriv utdanningsseksjonen i fylket i ei pressemelding.

Når du trykker på knappen, går varselet direkte til rektor og assisterande rektor. Dei tek då kontakt med deg for å finne ut kva som har skjedd.

Fylkestinget har vedteke ordninga, og er meint å supplere arbeidet skulene allereie gjer med førebygge og hindre mobbing.

- Vi ønsker at terskelen for å melde ifrå om mobbing skal vere så låg som mogleg, og håper at lanseringa av eit digitalt varslingssystem vil bidra til akkurat det. Alle elevar kan sende varsel, når som helst på døgnet. Målet er at alle elvar skal trivast på skulene våre, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken.

Mobbeombodet for vidaregåande opplæring, Anita Alnes Solevåg, er glad for den nye ordninga:

- Eg er særs glad på elevane sine vegner at dei no får ein ekstra kanal til å varsle om mobbing og andre krenkingar. Aller mest håper eg at elevane har lærarar og andre vaksne i skulen, som dei vågar å fortelle kva dei vert utsett for, eller kva dei har vore vitnar til, seier Solevåg.