Sjømat- og fiskeriministeren optimistisk

Trur 100 milliardargrensa blir brote

Norsk Sjømat: 17.000 tonn heil laks blir til 9.500 tonn ferdige produkt ved Norsk Sjømat sitt anlegg i Svemorka. Gjennom oppkjøpet av Nergård AS blir det også meir produksjon av kvitfisk. Foto: Johan Behrentz  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Noreg har eksportert sjømat for 76,2 milliardar kroner hittil i år. Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik (Frp) trur på ny rekord.

– Eg har trua på at 2019 blir det første året der eksporten av sjømat når 100 milliardar kroner, seier Nesvik.

I fjor eksporterte vi sjømat for 99 milliardar kroner. Men i år har sjømatnæringa slått alle rekordar. Ved utgangen av september låg eksporten på 76,2 milliardar kroner, opp 8 prosent eller 5,5 milliardar kroner frå same periode i fjor, viser nye tal frå Noregs sjømatråd.

Verdiauken kjem sjølv om volumet på eksporten har falle med 7 prosent til 1,8 millionar tonn.

– Ei svak norsk kroner er framleis ein viktig bidragsytar til den totale verdiauken, forklarer Tom-Jørgen Gangsø, direktør for marknadsinnsikt og marknadstilgang i Noregs sjømatråd.

Alle dei viktigaste sjømatartene viser vekst i eksportverdien. Den største verdiauken er det eksporten av laks som står for.

– Det er gledeleg å sjå at sjømateksporten fortset å auke og særleg at arbeidet med å betre marknadstilgangen til Kina gir utslag. Samtidig er det framleis mykje å hente i viktige vekstmarknader som Sør-Korea, Kina og USA, seier Nesvik.