Hyttesalet fell

Nyhende

Det er kjøpars marknad dersom ein ønsker seg fjellhytte. Marknaden på høgfjellet har falle mest.

Salet av fritidsbustader har gått ned det siste året, viser ein rapport frå DNB Eiendom. Det tyder på at det er gode moglegheiter for alle som ønsker seg fritidsbustad i fjellet.

– Det vi ser no er at det er eit kjempestort utbod, både av nytt og brukt, seier sjef for hyttesegmentet i DNB Eiendom, Cecilie Krange, til E24.

Ifølgje rapporten har salet falle med 200 bustadar samanlikna med same periode året før. Det er i hovudsak marknaden i Trysil, Geilo, Hemsedal og Hafjell som har falle mest. Det er òg desse stadane som har dei høgaste hytteprisane.