Endringar i dagpengar kan ramme sjømatindustrien hardt

Nyhende

Halvering av dagpengeperioden gjer at tilsette i fiskeriindustrien er særleg utsette, meiner Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund.

I dag kan tilsette i fiskeindustrien få dagpengar i 52 veker i ei periode på 18 månadar, men regjeringa vil halvere perioden til 26 veker.

– Regjeringa manglar fullstendig forståing for problematikken når det gjeld råvaretilgang. Denne endringa i dagpengeordninga vil ramme tilsette i delar av industrien hardt, seier forbundssekretær Ann-Solveig Sørensen i Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund.

Regjeringa viser til at talet på permisjonar har gått ned dei siste åra, og at arbeid innan fiskeriet ikkje er like uføreseieleg som tidlegare. Dei andre særreglane for tilsette i fiskeindustrien vil framleis gjelde, skriv Sunnmørsposten.

NNN er LO sitt forbund for tilsette i fiskeriindustrien.