FV60

Storkontroll i Storgata

Nyhende

Politiet i samarbeid med Statens Vegvesen gjennomførde måndag ettermiddag ein storkontroll i Storgata i Stranda tettstad.

167 bilførarar vart kontrollerte, og av desse fekk fem bilførarar gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte.

Ein førar fekk bot for ikkje å hatt med seg førarkortet, og ein førar fekk forenkla forelegg for sota ruter på bilen.

Dette melder Politiet i Møre og Romsdal på Twitter.