Oppmoding frå kommuneoverlegen

- Hugs influensavaksinen

Kommuneoverlege Arne Gotteberg oppmodar spesielt risikogruppene til å nytte seg av influensavaksine-tilbodet, men kommunehelsetenesta ønsker at flest mogleg vaksinerer seg for å oppnå flokkimmunitet.  Foto: Illustrasjonsfoto

Nyhende

Hausten og førvinteren er ikkje berre ei fin årstid - den bringer diverre òg med seg lite hyggelege ting, som influensa.

Kommuneoverlege Arne Gotteberg i Stranda kommune oppmodar strandarane til å nytte seg av tilbodet.

- Onsdag neste veke blir det vaksinasjon for Stranda tettstad og for Liabygda, eventuelt fredag for dei som ikkje kan onsdagen. Hellesylt får tilbodet tysdagen veka etter, medan bebuararar i Geiranger kan gjere nærmare avtale ondagar, seier Gotteberg i ei pressemelding.

Helsepersonell med pasientkontakt i Stranda kommune har alle tilbod om gratis vaksine på arbeidsstaden.

- Det er god oppslutnad om dette i Stranda kommune, seier kommuneoverlegen.

Influensavaksinen er spesielt tiltenkt risikogruppene, som er:

- Alle over 65 år

- Beburarar på sjukeheim og omsorgsbustader

- Gravide frå 12 svangerskapsv3eke

Barn og vaksne med diabetes (både type1 og type2), kronisk luftvegssjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt, nevrologisk sjukdom eller skade

- Personar med nedsett immunforsvar

- Personar med alvorleg overvekt (BMI over 40)

- Annan alvorleg eller kronisk sjukdom

Gottenberg understrekar at influensavaksinen kan takast av alle strandarar.

- Når du tek influensavaksina, bidreg du til å beskytte andre som er svakare enn deg sjølv, seier Gotteberg.

Prinsippet er flokkimmunitet - altså at ei viss mengd av befolkninga vaksinerer seg, og dermed beskytter dei som ikkje kan ta vaksina.

- Kommunehelsetenestene tilbyr difor influensavaksine til alle interesserte, seier han.