Tove Lise Torve valt til fylkesordførar i Møre og Romsdal

Gruppeleiar :Tove-Lise Torve leiar programarbeidet i Møre og Romsdal Ap.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Tove Lise Torve (Ap) blei måndag valt til ny fylkesordførar i Møre og Romsdal. Ho tar over etter Jon Aasen (Ap) som har vore fylkesordførar i 12 år.

Det skriv NRK.

Torve fekk 28 stemmer. Frp stilte med Frank Sve som motkandidat. Han fekk 12 stemmer.

Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Kristeleg folkeparti, Sosialistisk venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Venstre kaller inn til pressekonferense tysdag kveld i Geiranger, for å leggje fram den politiske plattforma partia har blitt samde om for den komande fylkestingsperioda.