Nær brannstasjon

Dei fleste husstandar i Noreg har kort veg til ein brannstasjon.

Køyreavstand: SSB har sett på kor lang tid det tek å køyre frå brannstasjon til husstandar. Medianavstanden er relativt lik i by og bygd.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at det er små forskjellar på kvar i landet ein bor med tanke på avstand til næraste brannstasjon. I 97 % av kommunane i Noreg er køyreavstanden 15 minutt eller kortare. I Stranda er median køyreavstand per 1. januar 2019 3 minutt. Dette er vel og merke køyretid, ikkje responstid. I Møre og Romsdal 110-sentral er same køyreavstand 5 minutt.