Hovudvassledninga blir kopla om

Nyhende

Stranda kommune skriv på si heimeside at hovudvassledninga i dag torsdag blir kopla om. Dette skal skje i tidsrommet mellom ni og klokka fire torsdag.

Nokre abonnentar kan oppleve trykktap, misfarging av vatnet og at ein i periodar er utan vatn.

Områda dette gjeld, er øvre del av Storgjerde/Langlo 3, Svemorka, Strandadalen og Engeset.