Eigenberedskapsveka 2019

Ønsker at fleire gjer førebuingar

Måndag startar nasjonal eigenberedskapsveke i Noreg.

Vatn, ved og hermetikk er noko av det som bør vere i eigenberedskapslageret ditt.  Foto: Gaute Gjøl Dahle/DSB

Nyhende

Minst ni liter vatn per person er noko av det som bør vere i ditt eigenberedskapslager ifølge Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Elles på lista finn ein mellom anna havregryn, mat på hermetikk og grill eller kokeapparat som går på gass. Alt dette for å vere best mogleg rusta ved ei større hending.

Komande veke er Eigenberedskapsveka 2019 og målet er at fleire gjer førebuingar og skaffar seg kunnskap om beredskap i sin eigen heim.