Julegåvesesongen startar med husflidsmessa

Venter storinnrykk på kulturhuset

STORINNRYKK: Det er venta storinnrykk i kulturhuset laurdag, når Storfjorden husflidslag byr inn til si årlege husflidsmesse med 25 utstillarar. arkivfoto 

Nyhende

Storfjord husflidslag byr til husflidsmesse i kulturhuset i helga, med 25 utstillarar.

Mange nyttar høvet til å ta turen innom på husflidsmessa for å sjå etter julegåver, noko det altså blir rikeleg høve til no i helga.

– Ja, vi ser at folk er på julegåvejakt, men det er altså ikkje ei julemesse – det er husflid, av ymse sort. Men det er mange som startar tidleg med julegåvehandlinga. Og vi har fordelen av å vere tidleg ute så utstillarane har godt utval, fortel Kristine Havn Vik og Sølvi Langlo Andersen i Storfjord husflidslag.

– Det er ikkje noko problem å få fylt opp messa, men vi set sjølvsagt kvalitet over kvantitet, seier Andersen.

– Vi har mellom anna med oss Håvard Emdal igjen med tredreiing, han er tilbake etter fleire års pause, seier dei.

Storfjord husflidslag har i år hatt storstilt produksjon av sitteunderlag, som dei kjem til å selje under messa.

– Vi fekk donert mange ullpledd, som medlemmane har sydd om til sitteunderlag. Ideen kom frå Sjøholt, som har hatt stor suksess med dette produktet. Eg syns dei er fine, og så er det jo veldig i tida med gjenbruk, seier Andersen.

– Om nokon har ullpledd å gje vekk, tek vi gjerne imot fleire, supplerer Vik.

Inntektene frå husflidsmessa er avgjerande for at laget kan halde på lokalet i Storgata. Laget har 29 medlemmar, men tek gjerne imot fleire. Både karar og yngre krefter er velkomne, forsikrar husflidslaget.

– Vi har det kjekt, og det er triveleg å arrangere messe sjølv om det òg er mykje arbeid medan det står på. Vi må skryte av kulturhuset og korleis dei legg til rette for oss. Skryt til dei, smiler Vik.

Ho planlegg no aktivitetar for barn.

– Vi ønsker å setje i gang ung husflid, frå ni/tiårsalderen og oppover. Kva aktivitetar vi skal ha kjem til å variere, vi har moglegheiter til å prøve forskjellige ting, fortel Vik.

Messa er ope for alle, og det er gratis.

– Vi har vurdert inngangspengar, men har meir tru på at det er meir å tene på å ha ho ope. Vi ser at besøket plar vere svært godt, og trur det er meir å tene på loddsal, kafeen og eigne produkt, seier Andersen.

For sjølvsagt blir det Sunnmørske Kakebord rikeleg representert på messa – det blir òg moglegheit til å kjøpe seg påsmurt.