Julegåvesesongen er i gang

Mange innom husflidsmessa

Storfjord husflidslag opna dørene til den årvisse husflidsmessa i Storfjord kulturhus.

Håvar Kristian Emdal fortel om dei ulike prosessane han nyttar i produksjonen sin.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

At husflidsmessa er populær er vel dei fyrste handlelystne eit prov på. Allereie 45 minutt før messa opna stod dei utanfor og venta. Når messa opna på riktig litt seinare, var det heile dagen gjennom jamn tilstrøyming av publikum. Husflidslaget har ikkje noko måte å telje kor mange som er innom messa, så noko anslag på kor mange som var innom har dei ikkje. Men i kafédelen fekk kakene føter å gå på og blant utstillarane vart det rapportert om godt sal.