Aktiv beredskapsjubilant

Mykje historie samla

Hjelpekorpsleiar med historie i blodet.

Liv Ryste(t.v.) er einaste gjenlevande av dei som var med å stifte Stranda Røde Kors Hjelpekorps i april 1949. Blant dei andre som var med i styret i 1949, var Johan Hagebakk, bestefar til dagens hjelpekorpsleiar, Tove Hagebakk.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Dei skulle ikkje fungere som legar, – men gjere plagene til dei skadde mindre, var rettesnora til det fyrste styret i Stranda Røde Kors Hjelpekorps. Olav Overå, Liv Gjærde (no Ryste), Knut Hessegjerde, Johan Hagebakk og Arne Langlo var det fyrste styret då hjelpekorpset vart stifta 30. april 1949. Den fyrste utrykkinga var ein leiteaksjon i Ljøen-området sommaren 1949. Arne Langlo var den fyrste leiaren i hjelpekorpset.