Bygdelag laga 17 bustadtomter på dugnad

Bygdelaget i Skurdal i Buskerud tok bokstavleg talt saka i eigne hender, og laga til 17 bustadtomter på dugnad.  Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox/Irina & Eugene Moskalev

Nyhende

Bygdelaget i Skurdal i Buskerud var lei av at kommunen berre satsa på hytteutbygging.

Difor laga dei 17 bustadtomter på dugnad.

– Det er veldig mykje som er basert rundt hytteutbygginga. Det er der prioriteringa har vore i heile kommunen. Så me bestemte oss for å ta skeia i eigne hender. Det måtte dugnad til for å halde kostnadane nede, seier Britt Haugen i Skurdalen bu og bygdelaug til NRK.

Skurdal ligg i Noregs nest største hyttekommune Hol. Kommunesenteret Geilo er fult av turistar i helger og feriar, medan utkantane i kommunen slit med å halde liv i bygda. Mykje av grunnen er at Geilo kommune meiner det er for dyrt å satse på bustadtomtutbygging, meiner bygdelaget.

Dugnaden til Bygdelaget har gått føre seg i tre år og det har teke 5000 dugnadstimar for å få på plass dei 17 tomtene.

– Eg trur mange løysingar både no og i framtida avheng av frivillig innsats, der vanlege innbyggjarar og lokalt næringsliv saman med kommunen skapar løysingane saman, seier seniorrådgjevar Hildegunn Nordtug ved Distriktssenteret til rikskringkastaren.