Dyrare å bu i Stranda

Huseiernes Landsforbund gir deg eit innblikk i kva det kostar å bu i Stranda.

Dyrare å bu: Bukostnadsindeksen som tek for seg eigedomsskatt, kommunale utgifter, rentekostnader, energikostnader, forsikring og vedlikehald har auka med 6 % samanlikna med fjoråret.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Tala baserer seg på kva det vil koste å bu i ein gjennomsnittsbustad på 120m2 i 2018, og tek for seg mellom anna eigedomsskatt, kommunale utgifter og forsikring.

Dyrare enn nabokommunen

I desse dagar er Stranda i dialog med Sykkylven om ein intensjonsavtale i samband med samanslåing av dei to kommunane.

Å bu i Stranda kommune kostar nær 95.000 kroner som er ei auke på nesten 6 % frå 2017. I Sykkylven er det 5.000 kronar billegare å bu.

Den store forskjellen mellom kommunane er eigedomsskatt og kommunale gebyr. Stranda kommune er på desse postane om lag 10.000 kroner dyrare enn Sykkylven. Sykkylven har derimot ein rentekostnad på 4.000 høgare enn Stranda og den totale forskjellen mellom kommunane er i overkant av 6.000 kroner.

Store forskjellar i landet

Rangert frå billegast til dyrast er Stranda på plass 280 av 422 kommunar i landet, og 27 av 36 kommunar i Møre og Romsdal. Stordal er billigast i vårt fylke der bukostnadsindeksen er rett i overkant av 82.000.

Sørreisa i Troms er billigast i landet med sine 75.000 i bukostnadar. Den dyraste kommunen ifølge bukostnadsindeksen er Oslo der det kostar i overkant av 144.000 kroner å bu.