Etterlyst bil er funne

Nyhende

Bilen som Møre og Romsdal politidistrikt gjekk ut med etterlysing på, er funne søndag kveld. Det opplyser politiet på Twitter.

- Bilen er funne, takk til dei som har meldt inn. Det er ikkje naudsynt med fleire meldingar om observasjon, skriv politiet.

Politiet i Møre og Romsdal gjekk søndag kveld ut med etterlysning av ein bil.

- Vi søkjer etter ein grå Volkswagen Touran, 2007-modell, skreiv politiet på Twitter klokka 1835 søndag kveld. Det vart opplyst at bilen var i nærleiken av Stranda tettstad.

Grunnen til etterlysinga var i samband med ein leiteaksjon.