Mattilsynet med spørjeundersøking til kommunane

Ny plan for drikkevatn

Stranda kommune pålagd å revidere plan.

Få kommunar svarte: Stranda kommune er blant fleirtalet som ikkje svara på Mattilsynet si spørjeundersøking om drikkevasskvalitet.  Foto: Illustrasjonsfoto

Nyhende

Førre veke var Mattilsynet på inspeksjon ved Stranda kommunale vassverk. Kommunen vart då pålagd å revidere eigen vedlikehaldsplan med frist ved utgangen av 2020. Næring og teknisk i kommunen har starta opp arbeidet med vedlikehaldsplanen.