– På tide å tenkja nytt om cruise i verdsarvområda

Norddalsordførar og leiar i Verdsarvrådet Arne Sandnes meiner det er på tide å tenkje nytt om cruisenæringa. Sandnes går inn for etablering av landstraumanlegg for cruiseskip på utsida av verdsarvfjordane. Arkivfoto  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Tida er inne for å tenkja nytt om verdsarvcruise, meiner leiaren i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap Arne Sandnes. Han etterlyser ei omlegging som tek meir omsyn til lokal natur, kultur og folk som bur i verdsarvområda.