Søkjer lokale talent

Nyhende

Stranda kommune i samarbeid med Stranda Energi deler årleg ut talentprisen, og kommunen oppmoder no strandane om å nominere aktuelle kandidatar som har utmerkt seg.

Prisen er på 10.000 kroner, og vart i inneverande år delt ut til sykkeltalentet Andrè Drege.



Prisen vert delt ut til barn og unge som utmerker seg innan ulike kulturfelt. Prisen gjeld òg dei som viser ein dugleik - anten i song, musikk, dans, idrett, kulturvern, lokalhistorie, biletkunst, litteratur og anna. Personen som blir nominert bør vere under 20 år, og bu eller vere oppvaksen i Stranda kommune.