Arealplanen er på offentleg ettersyn

Folkemøta starter i dag

Stranda Kommune. Arkivfoto  Foto: Vidar Eliassen

Nyhende

Arealplanen for Stranda kommune er ute på offentleg ettersyn, og planavdelinga ber strandarane om å kome med innspel til planen.

I ettermiddag tysdag er det folkemøte om arealplanen i Geiranger og i Liabygda. Folkemøtet i Geiranger blir på Hotel Union, i Liabygda på Trollstova.

Torsdag er turen kome til Stranda tettstad og Sunnylven. Folkemøtet i Stranda tettstad blir på kulturhuset, medan i Sunnylven blir det på samfunnshuset.

Treng fleire innspel

- I etterkant av folkemøta før utlegg til offentleg utsyn, har vi fått 79 innspel. Eg ønsker meg mange fleire enn dette, seier Andreas Standal Eikrem i planavdelinga i Stranda kommune.

- No har vi ei digital kartløysing, der forslag til arealplan ligg som standard og ein kan klikke seg inn på kvart område i Stranda kommune og sjå planforslaget, seier han.

Løysinga finn ein på kommunekart.com, der ein får informasjon både om faresoner, områdenamn og kva arealet vert tenkt nytta til.

- Ein ting er å vite kva du vil, men viktigare er å vite kva du ikkje vil, seier Eikrem og utdjuper:

- Til dømes har vi tatt spesielt omsyn til barn og unge sin bruk av nærområdet. Om ein går inn på kartet, ser ein ei rekkje raude strek - det er stiar som barn og unge i dag brukar aktivt. Det er viktig at desse ikkje blir bygd igjen fordi vi ikkje veit om bruken av dei. Vi vil gjerne ha fleire innspel om akkurat dette, så vi får det inn i planen, seier Eikrem.

Overordna plan

- Arealplanen gjer rom for å tenkje overordna, så her kan ein kome med innspel på leikeplassar, fiskeplassar, uteplassar med vidare. Ein kan sette av plass i arealplanen til felles møteplassar, seier Eikrem.

Han oppmoder strandarane til å gå aktivt inn på kartet, og kome med innspel.

- Det gjeld ikkje berre dei områda ein sjølv rår over, ein kan òg kome med innspel på arealbruk i andre bygdelag og kva framtidig bruk av areal skal vere. Skal ein endre grøntområde, eller ta vare på dei? Er det område ein kan sjå for seg ei anna utvikling enn det arealplanen legg opp til? Kom med innspel. Alle innspel vil bli handsama hjå oss, og eg ønsker meg så mange av dei som mogleg, seier Eikrem.

Arealplanen byggjer på samfunnsdelen, og har dei overordna måla om bygdeutvikling, utvikling av turisme og næringsutvikling.

- Planen er no på offentleg ettersyn fram til 13. desember. Så innspel må kome no, seier han.