Ei ekstra merksemd til nokon som treng det

– Ver med å gje julemagi

Janne Siem, Hanne Siem og Aud Tomasgard Berstad håper at mange ynskjer å gi ei gåve til nokon som trenger ei merksemd i jula.   Foto: Heidi-Beate Henningsen

Vi håper juletreet blir fullt av lappar i år.

Hanne Siem

Dette juletreet føler seg ganske einsamt og trenger gåver.   Foto: Heidi-Beate Henningsen

Nyhende

Det står eitt einsamt juletre på Stranda hotel, som søker gåver. Gåvene skal gå til menneske som treng ekstra merksemd i høve jula.

Tradisjonen kom til Stranda for fire år sidan. Line Løseth som då var tilsett ved hotellet, las om tilsvarande juletre rundt om i Noreg.

Frivilligsentralen ved Aud Tomasgard Berstad vart kopla inn i prosjektet. I dag er det sosialtenesta, Stranda frivilligsentral og Stranda hotel som samarbeider om tradisjonen.

– I år har vi bytta ut gåvene. I staden kan ein kjøpe julekort, der ein kan bestemme eit valfritt beløp som går til mottakarane, seier hotellsjef Janne Siem.

Frist 15. desember

Sosialtenesta i Stranda kommune kjøper inn gåver lokalt. Det kan vere ein aktivitet, ein oppleving eller andre typar gåver. Fristen for å kjøpe julekorta er sett til 15. desember, slik at dei rekk å dele ut gåvene før julaftan.

– Det er sosialtenesta som tar seg av gåvene og deler ut, men det er og dei som har laga julekorta som man henger på treet, fortel Aud Tomasgard Berstad ved Stranda frivilligsentral.

Tanken bak

Tradisjonen er at det er Stranda hotel som står for juletreet, resepsjonen er bemanna store delar av døgeret.

På den måten kan den som ynskjer komme inn og gi det dei måtte ynskje sjølv. Hotellet gjer merksam på at ein må bruke kontantar, Vipps er under planlegging men så langt ikkje mogleg å bruke.

– Vi håper juletreet blir fullt av lappar i år, avsluttar resepsjonssjef Hanne Siem.