Solheim fekk Verneprisen for 2019

Godt vern: Fevang-ekteparet har fått Sogelaget sin vernepris for 2019. arkiv Kjell Arne Årset og Peder Alme. Villaen som gullgravar Jens Bastian Langlo lét byggje. i 1903. 

Nyhende

Stranda sogelag sin vernepris for 2019 gjekk til Turid og Hans Fevang, som har rusta opp «gullgravarhuset» Solheim.

Dei har vore eigarar av Solheim i 33 år, og sogelaget gir ekteparet ros for å ha sett seg godt inn i korleis det praktiske arbeidet med huset skulle utførast.

Solheim, som er næraste nabo til Rema 1000 i Stranda tettstad vart i si tid reist av Jens Bastian Langlo. Han vart ein velhalden mann etter å ha vore gullgravar i USA.

Blant tiltaka som ekteparet Fevang har gjort, er å fjerne måling frå taket så det opphavlege måleriet i huset igjen kjemfram.

– Dette himlingsmåleriet er verkeleg interessant å ta i augesyn, skriv juryen.

Skryt vankar òg for å ha bytta ut ugalvanisert spiker med galvanisert spiker på taket, eit særs arbeidskrevjande prosjekt.

Reidar Furset har vore hjelpar på prosjektet, både med fagleg kunnskap og praktisk innsats.

– Ekteparet Fevang er verdige vinnarar av Stranda sogelag sin vernepris, skriv juryen – og det tillèt vi oss å vere samde i.