Ein månad og ti dagar til julaftan

- Ver med og teikn flotte julemotiv til Sunnmøringen

Sunnmøringen oppmodar barn og unge i heile Stranda kommune til å sende inn teikningar med julemotiv. 

Nyhende

Sunnmøringen kjem med ei ekstrautgåve den 3. desember, som naturleg nok kjem til å ha juletema.

– Vi oppmodar barn og unge i alle fire bygdelag i Stranda kommune om å finne fram sin indre kunstnar, og teikne flotte teikningar til oss med julemotiv, seier redaktør i Sunnmøringen Renate Furre Henriksen-Sandvær.

Sunnmøringen etterlyser teikningar med julemotiv, som er tydeleg merka med namn og alder på baksida av teikninga. Teikningane kan sendast inn til Sunnmøringen – anten per post eller på e-post sunnmoringen@sunnmoringen.no – og det er sjølvsagt høve til å stikke innom oss på kontoret med teikningar mellom 08.30 og 15.30 på kvardagane.

– Fristen blir sett til torsdag 28. november, så vi rekk å gå igjennom teikningane og få dei inn i avisa, seier ho.

– Kva er jula for deg? Er det gåver, er det besøk av nissen, er det juletre og glitter, er det å ete god mat? Motiva er tallause, og vi ser fram til å sjå teikningar med mykje farge og stor kreativitet, seier redaktøren.

Av teikningane som kjem inn, kjem ei teikning til å bli trekt ut til å prentast på framsida av avisa – slik Sunnmøringen gjorde med påskeavisa i fjor.

Og, ja: Det vankar premie til deg som teiknar framside-teikninga!

Eit utval av teikningane kjem òg til å bli prenta inne i avisa.

Ho skryt av kreativiteten hjå unge kunstnarspirer på Stranda.

– Teiknekonkurransen vi hadde før påskeavisa i fjor, gav oss eit innsyn i kor mange kreative og flinke barn og unge vi har i Stranda kommune. Vi hadde ei stor og gild oppgåve med å velje mellom mange flotte teikningar, seier redaktøren – som gler seg stort til å sjå kva som no kjem inn.