For små og store strandarar

- Bli med på kveldstur i Barlia

Gapahuk: Lars Petter Knivsflå, Reidar Bjørklund og Olav Slettebak tar seg ein liten kvil før innspurten av bygginga av den nye gapahuken på utkikspunktet som blir kalla Vesleskaffaren (det vert han kalla av lokalkjende) i Barlia i Stranda. Foto: Johan Behrentz  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Sunnmøre Friluftsråd let seg ikkje avskrekke korkje av mørke kveldar eller minusgrader. Tvert om: Dei inviterar små og store til kveldsturar på heile Sunnmøre i november.

I ettermiddag er det Stranda sin tur - og då går turen til Barlia, kjent som "trimløypa" i Stranda tettstad.

- Vi går i lag frå parkeringa, og vel frame ventar kakao og eit kulturelt innslag kring bålet, skriv Friluftsrådet i ei pressemelding.

Turen er ope for alle, så alt ein treng er å møte opp.

- Gjer vel å ta med deg varme klede, sitteunderlag, ein kopp og ikkje minst: Ei hovudlykt, rår dei.

Sidan det blir båltenning, gjer det heller ingenting om ein tek med seg enkel grillmat som til dømes pølser, pinnebrød eller marshmellows.

Turen er både barne- og familievennleg, men ikkje tilrettelagd for barnevogn og rullestol. Parkering blir på Mona stadion.