Fleire vil ha straff for brot på Språklova

Nyhende

Fredag 15. november gjekk høyringsfristen for den nye språklova ut. Fleire av høyringsinstansane foreslår bøter for dei som ikkje følger lova, for å sikre at ho blir følgd.


Fleire høyringsinstansar etterlyser moglegheiter til å gi sanksjonar til dei som ikkje følger reglane i språklova. Det er spesielt der statsorgana bryt kravet om bruk av minst 25 prosent nynorsk, at høyringsinstansane etterlyser sanksjonar.


Nynorsk kultursentrum, Nynorsk Forum, Utdanningsforbundet og Fylkesmannen i Rogaland er blant dei som foreslår at Språkrådet kan få høve til å gi tvangsmulkt til verksemder som ikkje følger plikta til veksling mellom nynorsk og bokmål, skriv Kommunal Rapport. Noregs Mållag og Norsk Målungdom meiner også at ein bør ha høve til sanksjonar.


Språkrådet anbefaler ikkje sanksjonar no, men ber Kulturdepartementet vurdere lova når ho har vore i bruk ei stund, for å vurdere om det er nødvendig å innføre sanksjonar for lovbrot.


Den nye språklova skal erstatte gjeldande lov om målbruk i offentleg teneste (mållova), og kjem fordi det i dag ikkje eksisterer ei samla språklov.