Glatte vegar, mørke og hjort langs vegane

Køyr aktsamt

Tida med dagsljos blir kortare for kvar dag i enda ein månad framover i tid.

Nær bilveg: Når hjorten trekk ned frå fjellet er det ofte den kjem nær bilvegen. Følg med i mørket og køyr aktsamt.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Bilsjåførar ser ofte hjort langs vegane i vårt distrikt. Mattilgangen er mindre i fjella og hjortane trekker nedover for å finne seg mat. Då kjem dei ofte nær bilveg og i mange tilfelle kryssar dei også vegen. Farlege situasjonar kan lett oppstå og påkøyrsel av hjorten er då gjerne resultatet.