Folk vel bort pinnekjøt av sau

Pinnekjøt er det nest mest populære julemåltidet. Dei fleste vil halde fram med tradisjonane på julaftan, men éin av fire vil ete mindre og sunnare. Foto: Kari Hamre / NPK  Foto: Kari Hamre

Nyhende



Det er vanlegvis lam som blir valt når folk skal handle inn pinnekjøt til jul.

Trass i at sauekjøt av sau har fått auka merksemd i det siste, er det framleis mange butikkar som ikkje tek inn pinnekjøt av sau, skriv Nationen. Kommunikasjonssjef i Norgesgruppen, Kine Søyland, meiner dårlege terningkast kan vere årsaka.

– Utfordringa med pinnekjøt er at det har vore ein del testar i media, der pinnekjøt av sau får terningkast éin eller to. Etterspurnaden er ikkje stor, og det har ført til at butikkane kvir seg for å ta det inn, seier ho.

Rema 1000 prøver å dra nytte av interessa, og sel pinnekjøt av sau enkelte stader.

– Vi har laga 15 tonn pinnekjøt av sau no, som du kan finne i ein del butikkar i Hordaland og Nordland. Vi kjem til å produsere meir fram mot jul, seier kategorisjef for lokalmat i Rema 1000, Trond Morten Helgesen.