Julemarknaden opnar til helga

– Bli med og bygg pepparkakebyen

Anette Lyse og Donka Uzunova-Petkova oppmodar små og store strandarar til å byggje flotte byggverk - med pepperkakar.  

Håpar på minst like stor deltaking i år som i fjor, da fylte vi fleire vegger med kreative bygningar.

Donka
Nyhende

Julemarknaden opnar no til helga - og for tredje år på rad blir det pepparkakeby-konkurranse.

Kven bakar det mest storslåtte byggverket? Kven kjem med overraskande byggverk? Det er rom for å utfalde seg med deig og snop.

Her er det berre å hive seg i bakinga, i følge arrangørane.

– Vi har åtte påmelde allereie, men vi har plass til fleire, seier Anette Lyse og Donka Uzunoa-Petkova til Sunnmøringen. Fristen for å melde seg på er sett til fredag denne veka.

Konkurransen er for alle som likar å vere kreative - med pepparkaker.

Byen vil bli utstilt i Bankgata i Stranda tettstad, på Art Studio Aknod, under julemarknaden.

Der kan folk komme inn for å sjå kreative og oppfinnsomme byggverk, og stemme fram sin favoritt. Alle som deltek får diplom og premie, men dei tre beste som er stemt fram av strandarane får ei ekstra merksemd.

Det var Donka Uzunova-Petkova kom med idèen om julemarknad, for å få meir lys og liv i sentrum.

– Samtidig ønsker eg at barn skal få utfolde seg og vise sin kreativiteten sin. Der kjem mellom anna pepparkakebyen inn, seier Uzunova-Petkova.

Ho, Anette Lyse og Plamen Petkov står for julemarknaden og pepparkakeby-konkurransen.

– Vi håpar på at fleire ynskjer å vere med å arrangere dette i framtida, seier trioen.