Markering i heile fylket

Skulane protesterer på foreslåtte kutt

Stranda vidaregåande skule. Arkivfoto.  Foto: HEGE BJØRKEDAL

Nyhende

Lærarane ved Stranda vidaregåande skule vil i dag markere si misnøye med dei økonomiske kutta på skulen. Dei oppmoder alle skular til å markere motstand mot kuttforslaga som er lagt fram.

Fylkesrådmannen vil kutte restaurant og matfag, helsefagarbeider og toppidrett på Stranda. I Sykkylven vil dei fjerne barne- og ungdomsarbeiderfaget.

Det vil og vere markering i mellom anna Volda og Ålesund i dag måndag. Andre skuler i fylket deltek i markeringa.

Fylkeslaget for Norsk lektorlag meiner det er umulig å spare så mykje som fylkesrådmannen tilrår å kutte i skulane, utan det går utover kvaliteten . Dei foreslåtte kutta vil fyrst og fremst ramme elevane som vil får eitt dårlegare utdanningstilbud med langt færre muligheter. Dette kan føre til at færre klarer å fullføre og bestå, meiner Norsk lektorlag.

Kutta gjeld mellom anna å kutte i pc-stipendet til elevane, slutte å tilby entreprenørskap og kutt i midlar til språklæring.

Møre og Romsdal fylkeskommune bruker vesentleg mindre per elev på vidaregåande utdanning enn dei fylkene det er naturlig å samanlikne seg med, meiner Norsk lektorlag.