Hareid-ordførar vil ha opprør mot «utarming av distrikta»

  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

I eit lesarinnlegg der han hevdar at staten tappar kystnoreg for kapital og infrastruktur, oppfordrar Bernt Brandal (Folkelista), ordførar i Hareid i Møre og Romsdal til opprør.


– Eg ser eit mønster, der det handlar om at staten tappar kysten for kapital og infrastruktur, seier Bernt Brandal (Folkelista), ordførar i Hareid i Møre og Romsdal til Vikebladet.no.


I eit lesarinnlegg i same avis listar han opp særskattar, nye lovpålagde tenester utan finansiering og nye miljøkrav som blir pålagt distrikta, som vil svekke distrikta generelt og kysten spesielt, og åtvarar om at konsekvensen på lengre sikt er at heile økonomien i landet vil bli svekt.


«Landet blir styrt av ein urbanisert elite utan kunnskap og forståing for kvar verdiane i landet blir skapte», skriv Hareid-ordføraren i lesarinnlegget.


Han listar opp dårleg kommuneøkonomi, regjeringa si kvotemelding, forslag om å legge ekstraskatt på havbruksnæringa og reduksjon i tilbodet på dei vidaregåande skulane som døme på at distrikta vert skadelidande.