Norddal kommune opphøyrer å eksistere frå 1. januar 2020. Då går kommunen saman med Stordal i Fjord kommune.
Kva er då betre enn å avslutte med avsluttingsfest?
Ordførar Arne Sandnes (Sp) har invitert til festkveld den 17. desember, i storstova Martin Linge-huset.
- I år kan Norddal kommune feire 182års-jubileum som eigen kommune. Kommunen er eit ektefødd barn av det lokale folkestyret som vart lovfesta i 1837 (formannskapslovane red. anm). Ingen annan kommune i Noreg er eldre enn Norddal, skriv Sandnes i invitasjonen til festen.
Programleiar for kvelden er Merete Løvoll Rønneberg.
Tidlegare kommunestyrerepresentantar, tidlegare rådmenn, ungdomsrådet, lag/organisasjonar og andre i kommunen er inviterte - det same er Fylkesmannen, fylkesordføraren og sjølvsagt: Ordførar i Fjord kommune, Eva Hove (Ap).
Totalt er det 170 inviterte gjestar denne kvelden - inklusive media.