Sjukefråværet høgare i Møre og Romsdal

  Foto: Børge Sandnes/Colourbox.com

Nyhende

Tal for tredje kvartal 2019 syner at det legemelde sjukefråværet i Møre og Romsdal auka frå 4, 4 prosent i tredje kvartal i fjor til 4, 6 prosent i tredje kvartal i år.

– Det er litt høgare enn det samla legemelde sjukefråveret for heile landet. Dette er no på 4, 3 prosent, seier direktør i NAV Møre og Romsdal Stein Veland.

Personar med muskel- og skjelettsjukdommar står for over 42 prosent av sjukefråveret. Psykiske lidingar står for 19, 7 prosent av sjukefråveret, ei auke frå 18, 4 prosent i tredje kvartal i fjor.

Sjukefråveret har auka både i Stranda, Sykkylven og Stordal kommunar siste året – størst auke har Sykkylven med 22, 2 prosent auke i sjukefråveret siste året.

Stranda ligg på 4, 4 prosent legemeldt sjukefråvær, som er ei auke på 3, 8 prosent siste året.

Lågast sjukefråvær har Norddal kommune, med 3, 5 prosent. Der har òg sjukefråveret gått ned med 2, 9 prosent siste året.