Fylkestinget avgjer takstene på ferja neste veke

Varsler demonstrasjonar

  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Facebook-gruppa "Protest mot økte ferjetakster" har no passert 20.000 medlemmar - og dei varslar demonstrasjonar i samband med fylkestingsmøtet måndag.

Fylkesrådmannen har foreslått å auke taksten på dei fleste ferjestrekningane i fylket med tre takstsoner, og at ein skal innføre Autopass på ferjene. Fylkestinget skal ta stilling til denne saka måndag.

- Ferjeopprøret auker no i intensitet. Aksjonistane vil ikkje lenger berre opptre i sosiale media, men òg køyre ut i gatene for å markere si misnøye, skriv aksjonsleiar Joachim Orvik i ei pressemelding.

Måndag vil det bli saktegåande bilkolonne frå ferjekaia til fylkeshuset, og ei markering på rådhusplassen i Molde.

Etterpå vil aksjonistane samle seg framfor fylkeshuset for å overlevere underskrifter mot auke i ferjetakstar.