Suksess med fjordcruise 

CRUISE: Kaptein Svein Peder Vågnes framføre fjordbåten MS Bruvik.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende


Cruise-Service på Sunnmøre har hatt suksess med å tilby julebord til sjøs. Etter nyttår utvidar dei tilbodet.

På fjordbåten Bruvik har gjester frå rundt om på Sunnmøre og blitt servert god mat og underhaldning. Torstein Holsvik, saman med Roger Halsebakk, Frode Kjølås og Kåre Molvær står bak satsinga Cruise-Service, som tilbyr dette, skriv Nett.no.

– Vi har fylt opp båten frå plassar som Stranda, Sykkylven, Ålesund og Ørsta, det har vore ein god del bedrifter, men òg enkeltgjestar, seier Holsvik til nettstaden.

Neste år startar verksemda opp Ski & Sail, der dei skal frakte gjester frå Ålesund til skianlegget i Stranda kommune. I framtida planlegg dei òg å frakte turistar til Rosenlund på Sandsøya, der Roger Haslebakk er i gang med å pusse opp serverings- og overnattingsstaden.